|
![]() Ny Blogg. I samband med at eg underviser og har gjort det i 12 år treng eg ein ny piff. Har laga ein filmblogg som heiter Here`s Ronnie. Den skal inspirere, først og fremst meg sjølv, samstundes som du som lesar skal verte opplyst og interessert. Bli inspirert!
KVEN ER EG?
Eg er no så heldig at du har rota deg inn på websida til ein utflytta sunnmøring. Det du skal vite før du forlet heimesida mi er at du på eit blunk kan ha brukt bortimot 1000 kroner på Margarets cdar samt booka bandet heim til deg for å halde intimkonsert for eit femsifra beløp. Du har kjøpt novellesamlinga OFFA – Forteljingar frå ei øy som førsteopplag, andreopplag og pocket. Det kan hende du har bestilt meg for å halde foredrag om noko eg ikkje har peiling på. Men det skal du vite. Eg kjem! Før du veit ordet av det ligg det eit filmmanus i postkassa di, eg regisserer kortfilmen du har drøymt om å realisere og når du er i beit for ein innspelingsleiar kan det hende du allereie har bestilt meg. Du får sjansen til å lese historier som aldri har blitt publisert, avisartiklar og kåseri som har gått deg hus forbi. Til og med bilete av meg er det mogleg å finne, men det er på eige ansvar. Det som er heilt sikkert er at du har tasta deg inn hit og det kan umogleg ha skjedd ved ein feil. www.ronniemaglarsen.no domenet liknar ikkje på noko anna navn. Det var ein grunn til at du ville besøke meg. No er neste steg opp til deg. Eg seier som The Eagles ”…you can check out any time you like, but you can never leave”. Takk for visitten og tida du har brukt for å komme til slutten av teksten. |
![]() |
|