0ABV6567.jpgDet heile og fulle navnet er Ronnie Michael Andrè Giskegjerde Larsen og i følgje far min kom eg til verda ved hjelp av tang den niande januar 1971. Mor mi var seksten og foreldra mine måtte søkje Kong Olav V om å sleppe fengsel. Kongen var på lag og eg fekk full oppdragelse med skule og det heile. Når eg vart lovleg flytta eg ut og byrja på  idrettsgymnas. Etter tre år vart eg idrettsassistent på Krigsskulen i Oslo. No kan det nok høyrast ut som om eg er ein topp trena kar, og då har eg ikkje nemnd boksekarriera  som fekk seg ein bråstopp i første runde mot Ole Klementsen, men den fysiske spiriten har vel fått seg ein teknisk knockout sidan ungdommen.

I 1991 vart The Margarets stifta og 11. februar året etter vart eg spurd om å spele tamburin i dette lovande bandet. Det må ha vore erfaring med bekken frå skulekorpset som gjorde utslaget. Eg suplerte med nokre irriterande windchimes og ein kastanjett slik at eg ikkje såg ut som ein komplett idiot. Eg kunne etterkvart kalle meg perkusjonist og på eit tidspunkt var eg i besittelse av to synthar som eg beherska like bra som ein blind mann i eit romskip. Eg var noregs einaste perkusynthist.

Ein dag fraus eg noko forferdeleg på fingrane. Fisk nr. 12456 skulle sløyast på fiskemottaket då eg bestemte meg for å aldri kjede meg meir. Eg reiste rett til Oslo og alt eg trengde for å verte verdas beste filmregissør var eit år på Holtekilen folkehøgskole. Der traff eg ho som seinare skulle verte kona mi og Holtekilen vart og arbeidsplassen då eg i 2000 fekk eg ein Bachelor i Manus og Regi frå The Surrey Institute of Art & Design University College i England (fint skal det vere). The Margarets satsa for fullt, eg kjøpte pauker, ein ny tamburin og congas. Debutplata vår What Kept You solgte 30.000 plater. Vi blei nominert til spellemannspris og fekk utrulege anmeldelsar.

Mykje har skjedd på kort tid. Eg har den samme kona,  tre fantastiske ungar samt ein svær hund som heiter Ringo. The Margarets har gitt ut fire plater, bygd stort studio på Giske og eg har gitt ut mi fyrste bok. Sommaren 2007 fekk eg det for meg at eg ville skrive noveller. Når eg hadde ti stykker brukte eg ei veke for å finne ut kva for eit forlag eg kunne drøyme om. Basert på magefølelsen, ein stor ein, sendte eg manuset berre til Cappelen og det vart treff på første forsøk. Boka vart døypt OFFA og den inneheld 22 noveller frå Giske med eit alvorleg glimt i auget.

For tida jobber eg med ei ny bok, to spillefilmmanus, to kortfilmmmanus, er hovudlærar på Film/Video ved Holtekilen Folkehøgskole, spelar i The Margarets og bor på Filtvet i Hurum. Eg har ikkje kjeda meg eit sekund sidan 1995. Om eg ein dag skal sløye fisk nr. 12457 skal eg sørge for å fiske den sjølv. Livet er betre enn alternativet og eg oppmodar alle som lev i ein grunnlaus motbakke om å skjerpe seg.

Vi snakkast!

Ronnie



Tips en venn om denne siden!

 


Ronnie M.A.G. Larsen | Filtvetveien 55 , 3480 Filtvet | + 47 9902 4866 | Org.nr. 880 177 222 | Mail: post@ronniemaglarsen.no